Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kværner stadfestar at Aker Kværner i 2007 kjøpte tenester frå selskapet Unaoil, som no blir skulda for massiv korrupsjon. Integriteten til Unaoil blei nøye vurdert, forsikrar det norske selskapet.
npk@npk.no
Publisert: 01.04.2016 kl 17:36
Unaoil hjelpte mellom anna til med marknadsinformasjon, rekruttering av lokale fagfolk og lokale i samband med oljeprosjekt i Kaspihavet.
Då Unaoil blei hyra inn som tenesteleverandør, blei det lagt vekt på at selskapet var revidert av PwC og at integriteten deira var sertifisert av selskapet Trace International. I tillegg blei det henta inn ei uavhengige integritetsvurdering, skriv Kværner i ein fråsegn.
«Kværner er ukjent med at Unaoil ikke skal ha operert innenfor gjeldende lover og regler», heiter det i uttalen. Her står det vidare at Kværner ikkje betalte pengar til Unaoil via oversjøiske bankkontoar.
Unaoil har base i Monaco, og styresmaktene i fyrstedømmet ransaka kontora til selskapet tidlegare denne veka. Den amerikanske nyheitsnettstaden Huffington Post og Farifax Media har karakterisert verksemda til Unaoil som ein «smøringsfabrikk» som har hjelpt vestlege selskap til å få oljekontraktar i Afrika og Asia.
Ifølgje dei to media utførte dåverande Aker Solutions «suspekte utbetalingar til offshore-kontoar» i samband med samarbeidet selskapet hadde med Unaoil i den kasakhstanske delen av Kaspihavet.
Den delen av Aker Kværner som gjennomførte prosjekta i Kaspihavet, inngår i dag i Kværner. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.