Kvart tredje sal av landbrukseigedom var fritt

8.400 landbrukseigedommar skifta eigar i 2018. Av desse var over 33 prosent fritt sal, og delen har auka.

Delen har gått opp frå 29 prosent i 2009, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

At det var 8.400 avhendingar, vil seie at i underkant av 5 prosent av dei 182.300 landbrukseigedommane i landet vart overdratt til ny eigar i 2018.

Av dei 2.800 omsette eigedommane i fritt sal var 2.400 bygde ut, og gjennomsnittleg kjøpesum for desse var 2,7 millionar kroner. Denne summen har auka med 80 prosent i perioden 2009-2018.

(©NPK)

5 prosent av landbrukseigedommane i landet skifta eigar i 2018. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix