Kvinne alvorleg skadd i knivstikking i Os

(NPK-NTB): Ei 44 år gammal kvinne er alvorleg skadd etter at ho vart knivstukken i ei bedrift på Søfteland i Os onsdag formiddag. Ein kollega i 20-åra er gripen.

– Det har skjedd i ei bedrift. Både kvinna som vart knivstukken og mannen som er gripen er tilsette i bedrifta, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

Ifølgje lokalavisa Midtsiden skjedde knivstikkinga i Compact-fabrikken på Søfteland.

Den antatte gjerningsmannen vart halden fast av kollegaer til politiet kom. Politiet fekk kontroll over han med ein gong, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet jobba onsdag ettermiddag med å klarleggje hendingsgangen. Ifølgje Midtsiden var det ikkje vitne til hendinga.

Kvinna vart køyrd til Haukeland universitetssjukehus, som i 11-tida opplyste at tilstanden hennar er alvorleg. Politiet fekk melding om hendinga klokka 9.45. (©NPK)

Annonse