Annonse

Kvinne busett på Vestlandet tiltalt for IS-deltaking

Ein somalisk statsborgar busett på Vestlandet er den første kvinna som blir terrortiltalt i Noreg. Ho er tiltalt for å ha utvikla og spreidd IS-propaganda.

Kvinna vart arrestert på flyplassen på Gardermoen i desember i fjor, ifølgje NRK. Politiets tryggingsteneste meiner ho hadde prøvd å slutte seg til ekstremistgruppa IS i Syria.

- Tiltalen er alvorleg. Samla strafferamme i saka er 12 år, seier statsadvokat Marit Formo i Det nasjonale statsadvokatembetet.

Påtalemakta meiner mellom anna at kvinna ved fire høve overførte pengar til tre personar som var deltakarar i IS eller knytt til gruppa. I tillegg er ho tiltalt for å ha utvikla og spreidd propaganda, mellom anna ved å lese korrektur på ein propagandatekst.

Trass i at ho aldri nådde fram til Syria, er kvinna tiltalt for å ha delteke i IS.

- Deltakinga skjer medan ho framleis er i Noreg. Tiltalen går på å bidra i samband med propagandaverksemd for ISIL. Det går òg på å setje personar i kontakt med ISILs fasiliteringsnettverk i Syria, seier Formo.

NRK har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå forsvararen til kvinna. Tidlegare har ho ikkje erkjent straffskuld.

(©NPK)

Kvinna blei arrestert på Oslo lufthamn. Foto: Berit Roald / NTB scanpix