Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ei kvinne døydde etter at senga ho hadde fått frå Hjelpemiddelsentralen i Nav, knakk då ho sette seg på den.
npk@npk.no
Publisert: 24.06.2016 kl 07:38
Saka er etterforska av politiet og ligg no hos Helsetilsynet for påtalevurdering, skriv VG.
Kvinna døydde i desember i fjor. Senga knakk då ho sette seg i fotenden, og kvinna fall bakover og vart liggjande med hovudet på golvet og føtene opp. Dødsårsaka er ikkje fastslått, men obduksjonsrapporten peiker mot ei plutseleg kretsløpsforstyrring.
Kvinna fekk senga av Hjelpemiddelsentralen i 1998. Invacare Norge, som produserer senga av typen Scanbed 500, ønskjer ikkje å kommentere saka, men har konkludert i ein rapport med at senga ifølgje brukarmanualen skal kontrollerast årleg og har ei tiltenkt levetid på ti år.
Nav bekreftar at senga ikkje har vore kontrollert sidan 2001, noko som kjem av svikt i interne rutinar.
– Ein skal vere trygg når ein har eit hjelpemiddel frå Nav. Sidan dette no ligg hos Helsetilsynet, ønskjer vi ikkje å gå inn på kva som kan ha skjedd i denne konkrete saka, seier direktør Liv Welde Johansen for Nav hjelpemiddel og tilrettelegging til avisa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.