Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ei kvinne i 40-åra er død etter ei trafikkulykke på E39 ved Sundfør i Tysvær kommune i Rogaland.
npk@npk.no
Publisert: 08.07.2016 kl 14:15
Sist oppdatert: 08.07.2016 kl 20:12
Politiet opplyser at Tysvær-kvinna leide ein hest som hadde forvilla seg inn på E39, då ho vart påkøyrd i 80-sona, skriv Haugesunds Avis.
Politiet har ikkje beslaglagt førarkortet til sjåføren i vogntoget som køyrde på kvinna, seier Rune Plassen i Sør-Vest politidistrikt til NTB.
Ingen andre kom fysisk til skade i ulykka. Så vidt politiet veit kom hesten uskadd frå ulykka.
Vegen vart opna att for trafikk fredag rundt klokka 18, rundt fire og ein halv time etter ulykka. (©NPK)