Annonse

Kvinne ikledd nikab i Sveits kan få bot på 85.000

(NPK-NTB): Ei kvinne i den sveitsiske byen Locarno vart bøtelagt av politiet då ho gjekk med nikab i offentlegheita.

I 2013 stemte majoriteten i kantonen Tessin, i den italienske delen av Sveits, for eit forbod mot plagg som dekkjer ansiktet, slik som burka og nikab. Fredag 1. juli trådde forbodet i kraft.

Same dag vart sveitsiske Nora Illi, som konverterte til islam i tenåra og er medlem av Det islamske sentralstyret i Sveits, bøtelagt av sveitsisk politi for bruk av nikab i offentlegheita. Kor mykje ho må ut med er framleis usikkert, men det kan vere så mykje som 85.000 norske kroner, skriv The Independent.

Ho fekk støtte av den fransk-algeriske forretningsmannen Rachid Nekkaz, som skal ha protestert mot liknande tiltak i Belgia og Frankrike. Han vart også bøtelagt for oppfordring til å gjere ei ulovleg handling.

Dei sveitsiske politikarane vil ikkje gjere unntak for nokon, heller ikkje for turistar. (©NPK)

Annonse