Kvinne jaga opp i tre av elgku

(NPK-NTB): Ei kvinne måtte klatra opp i eit tre for å koma unna ei sint elgku og kalven hennar i Randesund i Kristiansand.

«Omvendt elgjakt», skriv Agder politidistrikt på Twitter. Meldinga om saka kom klokka 18.15 tysdag.

Kvinna klatra opp i ei gran og ringde nødtelefonen til politiet, som sette førespurnaden vidare til viltnemnda. Etter kvart kom ho seg likevel trygt ned på eiga hand. (©NPK)