Klargjør siden...

Kvinne skal ha tvinga mannen sin til å ete bæsj – dømd for mishandling

Ei Vestfold-kvinne er dømd for både fysisk og psykisk mishandling av ektemannen. Ho skal mellom anna tvinga han til å ete bæsj.

Paret var saman i vel to år og gjennom mesteparten av forholdet skal kvinna ha mishandla mannen, skriv NRK.

Også Tønsbergs Blad har omtalt dommen frå tingretten mot kvinna i 40-åra.

Ho skal ha nekta han å gå på do, slått og sparka han, smurt avføring i ansiktet hans og skal ha tvinga han til å ete den.

I tillegg er ho dømd for å tvinge mannen til å gå lange turar med våte klede om vinteren.

Kvinna hadde fleire barn. Etter ei overnatting hos eit av dei vaksne barna hennar fekk ikkje kvinna liv i mannen, og tilkalla ambulansen.

Då hadde han ei rekke sår med infeksjon, ein gjennomgåande skade på skrotum, alvorleg ernæringssvikt, svært lågt blodsukker, lungebetennelse og blodforgifting, skriv NRK.

Kvinna innrømde berre delar av mishandlinga ho var tiltalt for. Ho er dømd til fire år og seks månader i fengsel og over 600.000 kroner i erstatning til mannen.

Ho er også dømd til å betale 130.000 kroner i oppreisingserstatning til son sin, sidan han vart vitne til mishandlinga.

(©NPK)

Annonse