Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Då kjønnspoenga vart fjerna ved opptaket til industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU, vart kvinnedelen på studiet halvert.
npk@npk.no
Publisert: 02.08.2016 kl 08:23
Opptaket i år er det første utan kjønnspoeng, og kvinnedelen har falle frå 50 til 24 prosent, skriv Adresseavisen.
– Det set oss ti år tilbake i tid, seier instituttleiar Monica Rolfsen ved NTNUs institutt for industriell økonomi og teknologileiing. Kunnskapsdepartementet fjerna kjønnspoenga ved seks studium, etter tilråding frå styret ved NTNU, men instituttleiaren er skeptisk til endringa.
– Vi åtvara mot å fjerne kjønnspoenga. Langt under halvparten av leiarane i næringslivet er kvinner, og det viser at vi har ein veg å gå, seier ho. Rolfsen seier det har vore jobba intensivt med kjønnsbalanse, og dei siste åra har det vore omtrent like mange kvinnelege som mannlege studentar.
– Men desse tinga tar tid, og dette har framleis ikkje gitt store ringverknader i næringslivet.
Også nanoteknologistudiet har fått ein markant nedgang i kvinnedelen etter at kjønnspoenga forsvann. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.