Klargjør siden...

Kvinner vel bort dyr sterilisering

(NPK-NTB): Kvinner må betale over 6.000 for å få sterilisere seg, mens menn må betale 1.200 kroner. Alvorleg forskjellsbehandling, meiner leiaren av Steriliseringsrådet.

Steriliseringsrådet leverte i desember ein rapport til Helsedirektoratet der dei uttrykkjer sterk uro over den høge eigendelen for kvinner som vil sterilisere seg, melder NRK.

– I abortnemnda har vi hatt kvinner som gjerne ville latt seg sterilisere, men som ikkje har hatt råd til det, seier leiar av Steriliseringsrådet, Toril Hagerup-Jenssen, som også sit i abortnemnda.

Ho meiner forskjellen i pris for menn og kvinner er ei alvorleg forskjellsbehandling.

Tidlegare kosta sterilisering 268 kroner for kvinner og 218 kroner for menn. Stortinget vedtok likevel å auke eigendelen i 2002.

I dag vel 80 prosent færre kvinner sterilisering som prevensjonsmiddel, enn før eigendelen auka, ifølgje Steriliseringsrådet. (©NPK)

Annonse