Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politiet har lagt bort saka mot ein grunneigar og ein entreprenør i samband med at Skjeggestadbrua på E18 i Holmestrand kollapsa i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 10.02.2016 kl 13:07
– Det har vore to personar i samband med utlegging av massar som har hatt status som mistenkte, og for deira vedkommande er saka lagt bort på bevisstillinga, seier politiinspektør Eskil Bredesen i Sør-Øst politidistrikt til NRK.
Nettopp anleggsarbeid i nærleiken av brua var årsaka til at det sørgåande bruløpet kollapsa 2. februar i fjor, fastslo Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Bortlegginga skjer på bakgrunn av ei totalvurdering av saka.
– Vi har samla inn opplysningar og vurdert forskjellige sider og rettslege grunnlag og komme fram til at bevismessig må saka leggjast bort, seier Bredesen.
Ingen vart skadde då bruløpet braut saman då grunnen rundt brufundamentet sklei ut. 25. mars vart resten av det øydelagde bruløpet sprengt bort.
Den nye Skjeggestadbrua skal etter planen vere ferdig og kunne opnast før fellesferien til sommaren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.