Klargjør siden...

La Liga-stjerne dømd til fire års fengsel – får ikkje spele

Celta-spissen Santi Mina (26) er dømd til fire års fengsel for overgrep mot ei kvinne i 2017. Samtidig blir han mellombels utestengd frå førstelaget.

Mina-saka er framsidestoff hos mange spanske medium onsdag. Ifølgje lokalavisa Faro de Vigo er Celta-spissen kjend skuldig i seksuelt overgrep, men frikjent for valdtekt sidan han ikkje brukte vald eller truslar.

I same sak er den tidlegare Celta-spelaren David Goldar frikjent frå tiltalen som medskyldig i overgrepet, som skjedde i Almería i juni 2017.

På den tida spelte Mina for Valencia, medan Goldar var tilknytt Ponferradina. Offeret skal ha forklart at ho vart valdteken av Mina i ein bubil, og at Goldar ikkje gjorde noko for å stanse overgrepet.

Ankar

Mina blir dømd vidare til å betale offeret 50.000 euro i oppreisning, og han får ikkje kontakte henne eller bevege seg innanfor 500 meter frå henne dei neste tolv åra.

Påtalemakta la ned påstand om åtte års fengsel for Mina, medan bistandsadvokaten til kvinna kravde 9,5 års fengsel for han og 4,5 års fengsel for Goldar.

Mina kjem til å anke dommen, skriv Faro de Vigo. Forsvararane hans hevdar at offeret gjekk med på samleie og meiner at Mina skal frifinnast.

Stengt ute

Fotballprofilen har spelt 33 seriekampar og skåra sju mål for Celta denne sesongen. I ei pressemelding opplyser klubben at den mellombels har stengt ute Mina frå treningane og kampane til førstelaget.

– RC Celta respekterer retten spelaren har til å forsvare seg, men er forplikta til å reagere mot handlingar som undergrev og angrip verdiane av klubben, skriv Celta.

Dersom dommen mot Mina blir ståande, må han inn i fengsel og sone. I Spania gjeld dette for dommar på meir enn to års fengsel sjølv om det er første gongs lovbrot, ifølgje spanske medium.

(©NPK)

Santi Mina i aksjon for Valencia i 2018. Foto: Alberto Saiz / AP / NTB

Annonse