La Liga vil ha Juventus straffa omgåande

Juventus blir granska for økonomisk triksing. I Spania kjem det krav frå La Liga-leiinga om sportslege sanksjonar mot den italienske storklubben.

Den spanske toppdivisjonen har lenge følgt med på det som skjer i Juventus. Allereie i april sende La Liga ei klage til Det europeiske fotballforbundet (Uefa) om det moglege brotet til norditalienarane på reglar for økonomisk fair play.

No vil dei ha Juventus straffa for å setje eit døme i jobben for å gjere fotballen i Europa økonomisk berekraftig.

«Vi krev umiddelbare sportslege sanksjonar mot klubben av relevante instansar», står det i ei fråsegn frå La Liga. Der heiter det vidare at «økonomisk bærekraftighet er helt avgjerande for å beskytte fotballen som ein verksemd».

Påtalemakta i Torino har sidan i fjor etterforska Juventus etter påstandar om ulovleg rekneskapsføring og uregelmessigheiter rundt overgangar og låneavtalar for fleire spelarar. Måndag kveld kom nyheita om at heile klubbstyret hadde trekt seg.

Det inkluderte mangeårig president i Juventus Andrea Agnelli. Årsaka vart oppgitt å vere den pågåande politietterforskinga. Italias fotballforbund har også sett klubben under lupa.

(©NPK)

Nicolo Fagioli (t.h.) jublar for ei Juventus-skåring saman med Adrien Rabiot under ein Serie A-kamp tidlegare i månaden. No er det mørke skyer over storklubben etter at heile styret trekte seg. Foto: Fabio Ferrari / LaPresse / AP / NTB