Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Den 41 år gamle britiske Labour-politikaren Jo Cox døydde etter å ha vorte skoten på open gate i Birstall sørvest for Leeds.
npk@npk.no
Publisert: 16.06.2016 kl 16:13
Sist oppdatert: 16.06.2016 kl 18:30
Cox vart angripen torsdag ettermiddag like ved eit bibliotek der ho hadde vore med på ei tilstelling, og ho vart liggjande blødande på fortauet, fortel Sky News. Ifølgje enkelte meldingar skal angriparen òg ha stukke henne med kniv.
Politiet opplyser at dei har arrestert ein 52 år gammal mann etter angrepet, men det er uvisst kven vedkommande er. Politiet leiter ikkje etter nokon andre gjerningspersonar.
Cox vart frakta til sjukehus i Leeds med kritiske skadar, men få timar etter angrepet kom meldinga om at livet hennar ikkje stod til å redde.
Cox er kjent som tilhengar av vidare britisk EU-medlemskap, og angriparen skal, ifølgje enkelte augnevitne, ha ropt «Storbritannia først». Motivet bak angrepet er likevel ikkje kjent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.