Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Inflasjonen i USA gjekk ned til 8,5 prosent i juli og ser ut til å vere på veg ned. Marknaden reagerer positivt, og aksjekursane steig i Europa og New York.
uvakt@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 10.08.2022 kl 14:40
Sist oppdatert: 10.08.2022 kl 19:09
I juni låg inflasjonstakten på 9,1 prosent. Økonomane spådde på førehand at inflasjonen ville gå ned, men anslo at prisveksten dei siste tolv månadene ville ende på 8,7 prosent.
Lågare bensinprisar dei siste vekene er ei av forklaringane på at inflasjonen no går ned i USA.
Teikn til at inflasjonen bremsar, kan føre til at sentralbanken Federal Reserve gjennomfører dei planlagt rentehevingane meir gradvis.
Marknaden har vore bekymra for at kraftige renteaukar skulle underminere den økonomiske veksten og i verste fall føre til resesjon.
Dei meir positive inflasjonstala førte til at kursane steig på europeiske børsar etter å ha gått ned tidlegare på dagen, medan New York-børsane opna kraftig opp.