Lagerbäck krev 100 prosent innsats i «generalprøven»

Lars Lagerbäck innleidde den siste landslagssamlinga i år med trening på Ullevaal tysdag. Han avviser at kamp mot Færøyane ikkje motiverer.

- Kravet til spelarane er heilt klart. Det er to 100-prosentprestasjonar og seks poeng. Vi har snakka med spelarane om Fifa-rankinga og om at dette er ein generalprøve. Vi skal prøve å få til tinga som gjer at vi kan lykkast i nasjonsligaomspelet, seier han.

Noreg har framleis ein syltynn teoretisk sjanse til å bli gruppetoar, men i praksis er vegen til EM-sluttspel via nasjonsligaomspelet i mars.

Kampen på fredag mot Færøyane er Noregs siste på Ullevaal før semifinalen 26. mars, truleg mot Serbia. Bortekampen på måndag mot Malta blir den siste laget har saman før kampane som kan bryte 20 års norsk sluttspeltørke.

11.000 selde

Det er selt 11.000 billettar til kampen på fredag, der Noreg skal prøve å forlenge rekka si på 14 heimekampar utan tap.

Lagerbäck leidde tysdag 20 spelarar i ei dryg timelang økt i surt vintervêr. Mohamed Elyounoussi, Omar Elabdellaoui og Haitam Aleesami stod over den første treninga av belastningsomsyn.

Alexander Sørloth, som fekk ein smell i hovudet i kamp for Trabzonspor sist helg, var derimot med for fullt.

Forsvarte kapteinen

Landslagssjefen har fått fire forfall etter uttaket. Det vekte oppsikt då Stefan Johansen spelte for Fulham i helga etter å ha meldt landslagsforfall, men Lagerbäck innleidde pressekonferansen sin tysdag med å ta landslagskapteinen i forsvar mot eventuell kritikk.

- Stefan er ein av dei som er mest lojal til landslaget. Han har ein type knebry som gjer at han må få ei behandling og så nokre veker med kvile, og eg synst det var heilt OK at han gjer det no, sa Lagerbäck.

- Vi visste ikkje at han skulle spele i helga, og det visste han heller ikkje sjølv, men om klubben vurderte det som best at han spelte ein kamp til før han fekk behandlinga så er det heilt greitt.

(©NPK)

Lars Lagerbäck på pressetreff etter landslaget trente på Ullevaal tysdag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix