Annonse

Lagerbäck: - Situasjonen er skjerpa

Landslagssjef Lars Lagerbäck innrømmer at mykje står på spel i nasjonsligamøtet tysdag med Bulgaria på Ullevaal.

Noreg kan trenge to måls siger over Bulgaria på Ullevaal for å få sin nasjonsligaskjebne i eigne hender. Landslagssjefen ser at det begynner å tetne seg til.

- Situasjonen er skjerpa. Det trur eg alle spelarane føler på også, etter at vi tapte mot Bulgaria borte, sa svensken på pressemøtet måndag.

- Eg trur og er ganske sikker på at spelarane tar dette som ein ekstra trigger. Dei kjem til å jobbe hardt, så det er eg ikkje bekymra for. Eg trur de får sjå eit fokusert norsk landslag, tilføydde han.

Han er samtidig fullt klar over at motstanden er kvalifisert.

- Det er eit nytt Bulgaria. Dei er velorganiserte og jobbar hardt for kvarandre. Det har ikkje vore deira kjennemerke tidlegare. Dei har vore effektive, og eit sånt lag skal ein ha respekt for, sa Lagerbäck.

Han åtvara også mot bulgarske spelarar som tidvis overspelte i ein del episodar i bortekampen i Sofia.

(©NPK)

Landslagssjef Lars Lagerbäck er klar for ein ny viktig kamp. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix