Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Byrådet i Oslo har vedteke at det nye Munch-museet, også kjent som Lambda, skal byggjast som planlagt og ikkje koste meir enn 2,7 milliardar kroner.
npk@npk.no
Publisert: 19.02.2016 kl 17:33
– Kultur- og idrettsbygg (KID) gjennomgjekk hausten 2015 prosjektet og kvalitetssikra tala. Konklusjonen var at gjeldande kostnadsramme på 2,7 milliardar vil halde. No satsar vi på at museet i Bjørvika opnar som planlagt i 2020, seier byrådsleiar Raymond Johansen til Aftenposten.
Så langt har Oslo kommune brukt 550 millionar kroner på tomta og grunnarbeid. I tillegg er det inngått avtaler for 400 millionar kroner. Johansen lovar streng økonomikontroll framover.
– Stoggar vi bygginga i Bjørvika no for så å byggje nytt på Tøyen, vil kostnadene vere rundt 2,5 milliardar kroner. Samtidig går vi glipp av den statlege støtta på 605 millionar som er knytt direkte til Lambda i Bjørvika.
Munch-museet som vart bygd på Tøyen for å huse Edvard Munchs samling, opna dørene for publikum i 1963. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.