Klargjør siden...

Landbruksdepartementet blir refsa av nytt råd

(NPK-NTB): Eit nyoppretta statleg råd gir Landbruksdepartementet refs for manglande utgreiing av endringane i konsesjonslova.

Ei av dei første utsegna frå det såkalla regelrådet, som skal sørgje for at nye lover og reglar ikkje forpurrar det store forenklingsprosjektet til regjeringa, inneheld systematisk refs av Landbruksdepartementets høyringsnotat om endringa av konsesjonslova, jordlova og odelslova, skriv Nationen.

Departementet får fargekode raud, som betyr ikkje godkjent. Regelrådet meiner fleire viktige spørsmål ikkje er blitt drøfta tilstrekkeleg til at høyringsinstansane kan kome med svar, og at høyringsinstruksen er broten.

– Ein av grunnane til at ting ligg ute til høyring, er at vi skal få innspel frå aktørane. Vi vurderer innspelet frå regelrådet som alle andre innspel vi får, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til Nationen.

Høyringsnotatet til departementet blei laga på bestilling frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Medan Dale hevdar at saka var tilstrekkeleg greidd ut til å bli sendt ut på høyring, meiner leiaren av regelrådet, Sandra Riise, at det ikkje er tilfelle.

– Spørsmålet er om delar av dette dokumentet skulle ha vore sendt ut på høyring i det heile tatt, seier ho. (©NPK)

Annonse