Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) foreslår å auke erstatninga til bønder som blir pålagde å slakte dyr som er smitta av den antibiotikaresistente bakterien LA-MRSA.
npk@npk.no
Publisert: 08.02.2016 kl 17:50
Landbruks- og matdepartementet vil auke erstatninga med 20 prosent. Det blir også lagt opp til auka godtgjering for eigeninnsats i arbeidet med smittesanering.
– Eg meiner dette gir ein god kompensasjon for dei ulempene det er å bli pålagt å slakte besetninga. Det vil kjennest krevjande for den enkelte produsent, men for norsk mat betyr det eit enormt konkurransefortrinn fordi vi kan seie at norsk mat er trygg, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
LA-MRSA er ein antibiotikaresistent gul stafylokokkbakterie som kan smitte frå gris til menneske.
Bakterien gir sjeldan sjukdom hos friske menneske, men kan gi alvorlege infeksjonar hos personar med svekt helse. (©NPK)