Landsbyar på Tenerife blir evakuerte på grunn av skogbrann

Fire landsbyar på kanariøya Tenerife måtte onsdag evakuerast då det braut ut brann i nasjonalparken rundt vulkanen Teide.

Skogbrannen starta tysdag kveld og spreier seg raskt i ulendt terreng i skogkledde kløfter på den nordaustlege delen av øya.

– Denne brannen har enormt potensial, og vi har bede om meir hjelp. Det er mykje barskog, og det er eit bratt område, der vi treng fly, seier Rosa Dávila frå styresmaktene på øya.

Det er landsbyane Arrate, Chivisaya, Media Montaña og Ajafona som er evakuert, medan fleire helikopter er sett inn i sløkkingsarbeidet. Allereie onsdag morgon var 130 hektar svidde av.

Kanariøyane er den siste veka ramma av ei hetebølgje og tørke som aukar risikoen for skogbrann.

(©NPK)

Annonse