Klargjør siden...

Landslagskapteinen i knipe i tippestrid

(NPK-NTB): Avaldsnes er ikkje tilfreds med svara frå Noregs Fotballforbund og vil ikkje skrinleggje planane om å inngå avtale med eit utanlandsk tippeselskap, melder NRK.

Det set landslagskaptein Maren Mjelde i klemme.

– Eg synest heile saka er vanskeleg. Eg skjønner at Avaldsnes går ut og prøver å finne pengar, men dei må ikkje komme i konflikt med fotballforbundet som har Norsk Tipping som hovudsponsor, seier Mjelde til NRK.

Ho er kaptein både for landslaget og serieleiar Avaldsnes.

Klubben ønskjer å få eit utanlandsk spelselskap som hovudsponsor når laget speler utanfor Noregs grenser. Så langt har ikkje NFF vunne fram med sine innvendingar.

Mjelde er klar over at det vanskeleg lèt seg gjere å vere sponsa av eit utanlandsk tippeselskap samstundes som ho er landslagskaptein.

– I utgangspunktet lar det seg ikkje kombinere. Difor håpar eg ein kan komme til semje i denne saka uansett kva veg det går, seier ho til kanalen.

Avaldsnes hadde tysdag eit nytt møte for å avgjere om innvendingane frå NFF veg tungt nok til å skrinleggje avtalen. Utvalet kom til at dei ikkje gjer det, og måndag fattar styret truleg eit endeleg val.

– I dag ser ikkje vi at det er noko som kan hindre oss i å inngå avtalen, seier styremedlem og talsperson Frode Nygaard til NRK.

Han meiner at NFF har appellert til klubbleiarane sitt samvit og til einerettsmodellen, i staden for å argumentere med lover og regler.

Skulle Avaldsnes komme til kvartfinale i meisterligaen, kan laget uansett spele med tippereklame, ettersom det då er Uefa som godkjenner draktene. (©NPK)

Annonse