Lagerbäck: - No handlar det berre om restitusjon

Joshua King, Omar Elabdellaoui og Haitam Aleesami trena alternativt på hotellet då resten av troppen var i aksjon på kamparenaen i Bucuresti måndag.

- Med berre to dagar mellom kampane er det ikkje så mykje eg kan gjere med dei som spelte 90 minutt laurdag. For dei handlar det berre om restitusjon, sa Lars Lagerbäck då han møtte media dagen før bortekampen mot Romania.

Då hadde 20 av dei 23 i troppen vore gjennom ei timelang økt på Arena Nationala, eit moderne stadion med 55.000 sitteplassar, som skal brukast i EM-sluttspelet for neste år. Tysdag handlar det for begge lag om å komme seg dit.

Lagerbäck trekte fram at Noreg hadde ei tøffare oppgåve laurdag, med kamp mot gruppeleiar Spania. Romania spelte dessutan bortekampen sin mot Færøyane fleire timar tidlegare. Den norske troppen landa i Bucuresti over midnatt natt til måndag.

- For rumenarane har det vore litt ferie. Det er tøffare for oss, sa Lagerbäck.

Han har funne eit lag som har gjort det særs godt i dei siste kampane, og helst vil han nok sende dei same på bana tysdag kveld. Samtidig må han ta omsyn til belasting, mot eit rumensk lag som har gjort store endringar frå kamp til kamp i dei tøffe landslagsvekene.

- Som alltid skal eg diskutere med det medisinske apparatet i ettermiddag, og vi må sjå på tilstanden til dei som har spelt mykje. Avgjerda blir tatt etter det, sa Lagerbäck.

Må gjette

- Trenaren til Romania har rotert mykje, og det gjer det òg vanskelegare å vite akkurat kva vi møter. Vi må gjette litt. Dei har ein interessant tropp med ei blanding av unge og meir erfarne spelarar. Vi veit til dømes korleis spissane jobbar, men det er Romania som lag vi må slå.

Spissen George Puscas har scora fem mål i kvalifiseringa, Claudiu Keserü heile seks, sjølv om han ofte startar på benken. Det var Keserü som med to mål berga poeng for Romania på Ullevaal.

Romania har brukt 33 spelarar så langt i kvalifiseringa, Noreg berre 23.

Uansett kven Lagerbäck vel å sende på bana, håper han å sjå mykje av det same som i kampane mot Sverige og Spania.

- Eg både håpar og trur at det vil sjå ut omtrent som det gjorde laurdag, at vi kontrollerer kampen godt, men vi kjem ikkje til å undervurdere Romania. Dei har gjennom heile kvalifiseringa vist at dei er eit godt lag, sa landslagssjefen.

- Vi skal spele spelet vårt, sørge for at forsvarsspelet er like bra som mot Spania og samtidig ønske litt større effektivitet framover. Eg trur på ein jamn kamp.

Konsentrasjon

Lagerbäck hadde med seg lagkaptein Stefan Johansen til pressekonferansen, og finnmarkingen veit iallfall éin ting som måtte betrast frå 2-2-kampen mot Romania i juni.

- Vi må vere konsentrerte i 90 minutt. Heime var vi gode i halvannan omgang og leidde 2-0, men så svikta konsentrasjonen, og vi slapp dei inn i kampen. Det skal ikkje skje igjen, sa han.

- Romania er som Spania gode med ballen, det er kanskje den største styrken deira. Vi har ein tydeleg kampplan. Vi skal gå utpå og prøve å kontrollere kampen, men vi veit òg at dei gir bort mykje rom for kontringar, og vi skal prøve å utnytte det òg.

Lagerbäck trekte fram UEFA-statistikken frå kampen på laurdag som viste 60-40 til Spania i innehav av ballen.

- Det er ikkje ofte lag kjem opp i 40 prosent mot dei, og det viser at det ikkje berre var forsvarsjobbing. Vi skal ha eit veldig godt forsvarsspel, men vi prioriterer angrepsspelet like høgt, og så har vi ulike planar for kva vi skal gjere dersom vi treng eit mål eller om vi treng å tette igjen, sa han.

For Noreg er berre siger godt nok om håpet om direkte EM-plass skal leve vidare.

(©NPK)

Lars Lagerbäck snakkar til spelarane før treninga i Bucuresti måndag. Bjørn Maars Johnsen (frå v.), Martin Ødegaard og Sander Berge føl med. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Martin Ødegaard under landslagstreninga i Bucuresti måndag. Tre av dei andre med full speletid mot Spania var heime på hotellet og trente alternativt. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Norges landslag trente måndag på Arena Nationala i Bucuresti dagen før EM-kvalifiseringskampen mot Romania. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix