Klargjør siden...

Lang homostrid kan true i Kristeleg Folkeparti

(NPK-NTB): Store fylkeslag i Kristeleg Folkeparti ønskjer inga oppmjuking av programpunktet om ekteskap mellom mann og kvinne. Striden kan vare heilt til landsmøtet, skriv Vårt Land.

KrF-leiar Knut Arild Hareides deltaking i Pride-paraden og eit VG-intervju der kampen mot ekteskapslova langt på veg vart avlyst har skapt uro i konservative delar av partiet.

Før dette reagerte fleire fylkeslag mot forslaget til program for neste stortingsperiode. Der var formuleringa om å «sikre ekteskapet mellom mann og kvinne ein plass i lovverket» borte, skriv Vårt Land.

I staden vart ekteskapet mellom mann og kvinne omtalt som «den mest stabile ramma rundt barns oppvekst». Utkastet tok også til orde for å «anerkjenne» at menneske inngår andre samliv enn ekteskapet. Programkomiteen stod samla om justeringane.

Men både fylkeslaga i Østfold og Vest-Agder åtvarar mot å mjuke opp KrFs posisjon.

– Vi har meldt inn til programkomiteen at vi heller bør stå fast ved den formuleringa vi har i dag, seier Per Sverre Kvinlaug i Vest-Agder.

– Formuleringa i programmet i dag er tydelegare, seier leiar i Østfold KrF Brynjar Høidebraaten.

Programkomiteen skal ha klart eit endeleg programutkast før landsstyremøtet i november. Om ikkje landsstyret samlar seg, kan det bli open strid om haldninga til likekjønna ekteskap under landsmøtet neste vår. (©NPK)

Annonse