Annonse

Lærar dømt for seksuelle overgrep mot elev

(NPK-NTB): Ein lærar i 30-åra er i Senja tingrett dømt til fem månaders fengsel for overgrep mot ein ni år gammal elev, melder NRK.

Dommen er to månader mildare enn påstanden frå aktor.

Læraren vart i april tiltalt for fleire seksuelle handlingar mot ein ni år gammal gut på ein barneskule i Midt-Troms. Overgrepa mannen er dømt for, skjedde i klasserommet i 2013 og 2014.

Ifølgje guten skjedde overgrepa mens den tiltalte hjelpte elevane med skuleoppgåver. Eleven forklarte at han fleire gonger vart teken på nedantil, både under og over kleda. Guten har forklart at overgrepa slutta då tiltalte spurde om eleven likte å kose, og eleven svara bestemt nei. Saka vart kjent då barnet fortalde om hendingane til foreldra då han skulle tilbake til skulen etter juleferien i 2015.

Læraren i 30-åra nekta for skuldingane. Han peikte også på at det var rart at guten skulle ha blitt teken på i eit klasserom med rundt 20 andre elevar til stades.

Retten skriv likevel i dommen at guten verkar å vere svært truverdig i forklaringa om hendingane, og at dommarane er overbevist om at tiltalte lyg, melder NRK.

I dommen heiter det vidare at handlingane har vore av svært krenkjande karakter.

I tillegg til fengselsstraffa må den tidlegare læraren betale ei oppreisningserstatning til eleven på 50.000 kroner. (©NPK)

Annonse