Lærar sikta for overgrepsbilete av barn

(NPK-NTB): Ein 29-åring er i Stavanger tingrett varetektsfengsla i fire veker for innehav av overgrepsbilete av barn. Ifølge lokale medium er mannen lærar på Jæren og aktiv innan barne- og ungdomsarbeid.

Politiadvokat Herdis Traa i Sør-Vest politidistrikt er påtaleansvarleg i saka:

– Vi ønskjer ikkje å bekrefte opplysningar som er komne fram i media utover at vi no vil gå gjennom eit betydeleg materiale og at vedkommande er varetektsfengsla i fire veker på grunn av fare for øydelegging av bevis, seier ho til NTB.

Mannen vart arrestert sist fredag og vil sitte i varetekt fram til 22. februar. Rettsavgjerda frå Stavanger tingrett er ikkje offentleg.

Advokaten til mannen, Tor Inge Borgersen, seier til Rogalands Avis at han ikkje ønsker å kommentere saka. (©NPK)

Annonse