Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Lærarar i barneskulen går på kurs for å lære å handtere utagerande elevar. I ytste konsekvens betyr det å legge elevar i bakken.
npk@npk.no
Publisert: 11.03.2016 kl 10:07
Nærare 50 tilsette frå skular i Drammen har deltatt på kurset som hovudsakleg tar for seg praktiske øvingar, ifølge NRK.
– Vi fekk praktisert metodar for korleis vi kan skjerme utagerande barn på ein roleg og forsvarleg måte, seier Erika Enger, som er lærar i 7. klasse ved Åssiden skole.
– Det var hovudfokus på korleis vi skal skjerme eleven for å få ro og oversikt over situasjonen. Vi hadde ikkje hovudfokus på å legge elevar i bakken. Vi var innom det mot slutten av kurset, understrekar ho.
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar Jorun Holth Eggen meiner skulane heller burde vore opptatt av førebyggjande arbeid.
– Ein må ha kunnskap og trening i å løyse konfliktar utan å ty til vald. Ein må heller gå på kurs for å lære korleis ein kan unngå å komme i slike situasjonar, seier ho.
Dagleg leiar Pål-Erik Ruud i Verge Opplæring, som arrangerte kurset i Drammen, seier metodane som dei lærer bort, er humane og profesjonelle og utvikla over lang tid. (©NPK)