Lærarstreiken kan bli omfattande og langvarig, ifølgje forskar

Utdanningsforbundet varslar opptrapping av lærarstreiken i samband med skulestarten. Fafo-forskar trur ikkje det kjem meir pengar på bordet og spår langvarig streik.

Utdanningsforbundet var misfornøgd med oppgjeret i kommunesektoren og sa nei til løysinga som hovudorganisasjonen Unios forhandlarar vart samde med KS om i vår. Sidan juni har 45 lærarar i Bergen streika, men no kan det bli langt fleire.

– Vi har lagt ein plan. Eg kan ikkje avsløre kvar, når og kor mange som blir omfatta av ein streik. Men det er heilt naturleg å sjå for seg at ei opptrapping vil skje i samband med skulestart, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal til NRK.

Han viser til at dei slit med å rekruttere og å behalde lærarar og meiner KS har gjort lærarane til lønnstaparar for sjette år på rad.

Arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS seier til kanalen at pengane er brukte opp, og at han er usamd i at lærarane har hatt ei dårleg lønnsutvikling.

– Vi kan ikkje gjere meir når vi har inngått ein tariffavtale med nesten alle tilsette i kommunal sektor, seier han.

Fafo-forskar Kristine Nergaard trur lærarstreiken bli vanskeleg å vinne, og at KS ikkje vil komme med eit nytt tilbod. Nergaard trur Utdanningsforbundet vil leggje seg på nokolunde same linje som i 2014, då 7.000 lærarar var i streik ved skulestart.

– Eg trur at han vil vare i minst to–tre veker frå opptrappingstidspunktet. Kanskje meir. Det vil også bli vanskeleg å få styrt denne streiken mot tvungen lønnsnemnd, seier ho til Utdanningsnytt.no.

(©NPK)

Utdanningsforbundet har varsla ei opptrapping av lærarstreiken før skulestarten om ei veke. Fafo-forskar Kristine Nergaard trur streiken blir både omfattande og langvarig med fleire tusen lærarar i streik.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Annonse