Klargjør siden...

Larsåsen vann, men langt unna EM- og OL-krava

(NPK-NTB): Stavhopparen Cathrine Larsåsen er tilbake for fullt etter fødselen og gjekk til topps i eit stemne i svenske Tårnby i helga med 4,00 meter.

Ho slo ein sterk utøver som danske Caroline Bonde Holm, men må likevel innsjå at ho har eit stykke igjen til ho kan tenkje på å kvalifisere seg for EM og OL. EM-kravet i stav er på 4,40 meter, mens OL-kravet er ytterlegare ti centimeter høgare.

Den norske rekorden er identisk med EM-kravet på 4,40. Det er Larsåsen som har denne rekorden, men den er sett så langt tilbake som i 2011. Det betyr at jenta som bur i København, men som konkurrerer for BUL i Oslo, må heve seg betrakteleg for å ha nokon moglegheit til å komme med til eitt av meisterskapa til sommaren.

EM i Amsterdam går i byrjinga av juli, mens OL i Rio går i august. (©NPK)

Annonse