Annonse

Lasteskipet «Hagland Captain» blir slept til Averøy

Kystvakta hjelper til med å klargjere slep for det havarerte frakteskipet «Hagland Captain» som fekk motorstans i det kraftige uvêret på Hustadvika laurdag.

Skipet skal slepast til Averøy.

«Hagland Captain» fekk motorstopp på Hustadvika då ein brotsjø slo innover båten i uvêret, få timar etter at cruiseskipet «Sky Viking» fekk motorstans litt lengre sør på same havstrekning.

Operasjonssjef i Hagland-reiarlaget, Øivind W. Aanensen, fortalde søndag at det går bra med dei ni som var om bord, og som måtte hoppe i havet for å bli plukka opp av helikopter i den grove sjøen.

- Alt mannskap har det bra. Heldigvis gjekk dette bra. Jobben vår no er å følgje opp og ta vare på mannskapet på best mogleg måte, seier han til Haugesunds Avis.

Kapteinen er norsk, medan resten av besetninga er frå Filipinane og Polen.

(©NPK)

«Hagland Captain» låg søndag morgon framleis i anker etter at det fekk problem under stormen ved Hustadvika i Møre og Romsdal laurdag kveld.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix