Klargjør siden...

Laukli raskast opp Lysebotn – Weng beste norske

Sjølv med nesten sju månader utan særleg trening vart Heidi Weng beste norske løpar i Lysebotn Opp på rulleski under Blink-festivalen i år.

USAs Sophie Ireland Laukli var kjappast av alle. Ho brukte 35.16 minutt og var 13 sekund betre enn franske Delphine Claudel på 2.-plass.

31 år gamle Weng hadde 50 sekund opp til vinnaren i den 7,5 kilometer lange løypa som vart gått i fri teknikk.

Weng vart smitta av korona i forkant av OL i Beijing og mista meisterskapen. Etterpå pådrog ho seg ei hjerneristing i eit fall på isen, og det har plaga henne meir eller mindre sidan.

– Det har vore sju tøffe månader for hovudet. I juli har eg trena veldig bra, og eg fekk byrja smått i juni. Men det har kjendest ut som hovudet skal sprengje. Det har vore heilt forferdeleg, seier Weng til VG.

Ho seier at ho nesten ikkje har vore sosial i det heile i dei siste månadene.

– Det har vore tungt å vere mykje åleine. Det har vore éin og éin på besøk, så det ikkje blir mykje prating i munnen på kvarandre, seier Weng.

Franske Flora Dolci var eitt sekund bak Weng på 4.-plass. Deretter var det eit hopp ned til Margrethe Bergane på 5.-plass. Ho var 1.32 minutt bak vinnaren Laukli. Ragnhild Haga var 1.44 minutt bak som nummer seks.

Astrid Øyre Slind var raskaste kvinne i klassen for staking. Ho hadde tida 37.19. På 2.-plass følgde Emilie Fleten på 39.58.

(©NPK)

Heidi Weng i aksjon under Lysebotn opp på Blinkfestivalen i Sandnes for to år sidan. Foto: Carina Johansen / NTB

Annonse