Lite framdrift i kornsamtalane mellom Tyrkia og Russland

Russland vil sørgje for at skip trygt kan forlate ukrainske farvatn, hevdar utanriksminister Sergej Lavrov. Men det er lite framdrift i samtalane i Tyrkia.

– Vi er klare til å gjere dette i samarbeid med dei tyrkiske kollegaene våre, sa Lavrov på ein felles pressekonferanse med Tyrkias utanriksminister Mevlüt Cavasoglu i Ankara onsdag.

– Det einaste som trengst for at ukrainarane skal kunne sende fartøy frå hamnene sine, for å løyse problemet, er at det blir rydda for miner eller blir markert korridorar. Det krevst ikkje noko meir, sa Lavrov.

Men det har vore lite framdrift i samtalane mellom Tyrkia og Russland så langt. Soner Cagaptay, ein Tyrkia-spesialist ved tankesmia Washington Institute, seier at Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan må reise til Russland for å møte Vladimir Putin for å få framdrift i samtalane.

– Der er det ingen som kan tjuvlytte, seier Cagaptay.

Svolt som våpen

Lavrov drog til Tyrkia for å diskutere korneksport frå Ukraina. Den russiske blokaden i Svartehavet har ført til at Ukrainas eksport av korn sjøvegen har vorte stansa. Eksportstansen truar mattryggleiken i delar av verda.

Russland har vorte skulda for utpressing og å bruke svolt som våpen. FN har åtvara om at krigen vil forverre svolten rundt om i verda og påpeikar at Afrikas 54 land importerer nesten halvparten av kveiten sin frå Ukraina og Russland, og er derfor spesielt sårbare.

Tyrkias utanriksminister meiner at det er legitimt av Russland å krevje at sanksjonar blir oppheva.

– Viss vi treng å opne den internasjonale marknaden for ukrainsk korn, så reknar vi at å fjerne hindringar som står i vegen for Russlands eksport, som legitime krav, seier Mevlut Cavusoglu.

Lavrov meiner det er Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj som nektar å løyse problemet ved å rydde sjøen for miner. Russlands president Vladimir Putin har tidlegare sagt at landet er klar til å gi eit «betydeleg bidrag» til å løyse den globale matkrisa mot at Vesten opphevar sanksjonane mot landet.

Lavrov skal i Tyrkia ha samtalar om å heve blokaden. Tyrkia har, på førespurnad frå FN, tilbode seg å eskortere konvoiar frå ukrainske hamner, sjølv om området er minelagt. Enkelte miner har også vorte oppdaga nær tyrkisk farvatn.

Den planen kan fungere, meiner Tyrkia-ekspert Cagaptay.

– Dette handlar om mattryggleik. Ja, det er ingen som vil at Russland skal tene pengar, men samtidig er det ingen som vil ha svolt, seier Cagaptay.

EU-toppar fordømmer blokaden

Både EU-president Charles Michel og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen fordømde Russlands blokade av korneksport frå Ukraina då dei talte til EU-parlamentet i Strasbourg onsdag.

– Russland bruker mat som eit våpen i krigen. Dei stel korn, blokkerer hamner og gjer jordbruksland om til slagmarker, sa Michel.

Han viste til at minst 20 millionar tonn korn ligg på lager i Ukraina i påvente av å bli eksportert. Det svekkjer mattryggleiken, pressar opp kveiteprisane og fører til svolt, åtvara Michel.

Tidlegare denne veka skulda han Moskva for å skape ei global matkrise under eit møte i FNs tryggingsråd. Uttalen fekk Russlands FN-ambassadør Vasilij Nebenzia til å forlate møtet.

Von der Leyen oppmoda på si side til å jobbe for å betre mattryggleiken for dei aller svakaste. Ho retta deretter ein hard peikefinger mot Russlands president Vladimir Putin:

– Dette er ein kald, ufølsam og kalkulert blokade frå Putin. Mat er ein del av Kremls terrorarsenal, og det kan vi ikkje tolerere, sa von der Leyen.

(©NPK)

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov seier Russland vil sørgje for sikre passasjar for skip som forlèt ukrainske farvatn. Foto: Burhan Ozbilici / AP / NTB

Tyrkias utanriksminister Mevlüt Cavasoglu meiner det er legitimt av Russland å krevje oppheving av sanksjonar for å kunne eksportere korn. Foto: Burhan Ozbilici / AP /NTB

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov seier at Russland vil sikre korneksport dersom Ukraina fjernar miner i farvatnet. Foto: Burhan Ozbilici / AP / NTB