Annonse

Lavrov seier at Russland framleis vil ha eit russisk Ukraina

Russland er framleis fast bestemt på at Ukraina må bli russisk, og at Russland har rett til å styre over naboen sin, seier utanriksminister Sergej Lavrov.

Det er berre den vestlegaste delen av Ukraina det framleis er uklarleik om, sa Lavrov i eit intervju med fleire kringkastarar i Moskva fredag.

Elles blir det berre «eitt Ukraina, som er tvers gjennom russisk, som vil vere ein del av Russland, som vil snakke russisk, og som vil utdanne sine barn», sa han vidare og fastslo at andre alternativ finst ikkje.

Han understreka at Russland ikkje ønskjer å angripe Nato-landa, slik han meiner det blir påstått i Vesten.

– Men viss dei vil skyve Natos grenser heilt til grensa vår, veit vi sjølvsagt korleis vi skal hindre det i Ukraina, sa han vidare.

Lavrov, som har vore utanriksminister sidan 2004 og er vilkårslaus tilhengar av krigen i Ukraina, seier også at Russland er klar for forhandlingar med Ukraina, men berre på visse vilkår.

Han gjorde det klart at det ikkje blir våpenkvile under moglege forhandlingar, at å snakke med president Volodymyr Zelenskyj ikkje er nokon vits, og at Ukraina må droppe fredsforslaget som Zelenskyj har lagt fram.

Zelenskyjs fredsforslag som han la fram hausten 2022, inkluderer tilbaketrekking av russiske styrkar frå ukrainsk territorium, russisk støtte til gjenoppbygging og erstatning, og straffeforfølging av russiske krigsforbrytarar.

(©NPK)

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov seier at Russlands mål med krigen er stadig at Ukraina skal bli russisk. Foto: det russiske utanriksdepartementet / AP / NTB