Annonse

Leddbandsskade for Graham Hansen, kjempar mot klokka

Caroline Graham Hansen har fått påvist ein leddbandskade, men kan likevel bli klar til åttedelsfinalen i fotball-VM laurdag.

Det opplyste legen til det norske landslaget, Said Tutunchian, då han møtte pressa tysdag.

Graham Hansen fekk ein ankelskade i 2-1-kampen mot Sør-Korea måndag og måtte bytast ut i andreomgangen. Etterpå var det heilt uvisst om ein av dei største profilane på den norske laget kunne spele meir i meisterskapen.

Tysdag hadde det medisinske støtteapparatet få klare svar å komme med om 24-åringen.

- Vi har fått utført ei MR-undersøking på morgonen. Den viste ein liten leddbandsskade. Vanlegvis er det veldig gode prognosar for dette. Vi skal gi henne aktiv rehabilitering og fysikalsk behandling fram mot kampen. Målet er at ho skal bli klar til kamp laurdag, sa lege Tutunchian.

Han ville samtidig ikkje gi noka form for garanti.

- Alt er veldig avhengig av korleis ho responderer på den behandlinga ho får. Slike skadar er veldig individuelle. Det kan gå veldig bra, og det kan òg vere sånn at ho ikkje blir klar til kampen, sa han.

(©NPK)

Caroline Graham Hansen vart skadd tysdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix