Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Organisasjonen Leger Uten Grenser (MSF) vil heretter nekte å ta imot pengar frå Noreg og EU i protest mot flyktningpolitikken i landa.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 10:42
– I månadsvis har Leger Uten Grenser fordømt den skammelege avskrekkingspolitikken som Europa har ført mot menneske på flukt, i staden for å hjelpe og gi beskyttelse til dei som treng det, seier feltkoordinator Sebastian Stein i MSF i ei fråsegn.
Han meiner flyktningavtalen mellom EU og Tyrkia set heile konseptet «flyktning» på spel. Avtalen gjer det mogleg å sende tilbake flyktningar og migrantar som kjem sjøvegen frå Tyrkia til Hellas.
– Det blir feil for oss å ta imot pengar frå europeiske statar og Noreg, samtidig som vi kvar dag må behandle offera for deira politikk. Vi ber europeiske styresmakter om å endre sine prioriteringar: Frå å prioritere å stengje sine grenser, må Europa i staden sette menneske på flukt først, seier Kyrre Lind, programsjef for Leger Uten Grenser i Noreg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.