Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Leger Uten Grensers poliklinikk i Gaza by vart måndag morgon skoten mot, og køyretøyet til organisasjonen vart øydelagt, melder organisasjonen sjølv.
Publisert: 20.11.2023 kl 17:28
Det er uklart kva som har skjedd med dei tilsette som søkte tilflukt i bygget, heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen.
– Fire av Leger Uten Grensers bilar byrja også å brenne medan kamphandlingane gjekk føre seg. Ein femte bil som var parkert over gata, har vorte delt i to, som om ho var knust av ei stridsvogn eller liknande pansra køyretøy. Klinikken og alle bilane var klart merka med Leger Uten Grensers logo, skriv dei i pressemeldinga.
Klinikken var på grunn av krigshandlingane på Gazastripa ikkje i drift, men det var ein tilsett frå Leger Uten Grenser og 20 familiemedlemmer inne på klinikken.
(©NPK)