Annonse
Annonse
Annonse

Leger Uten Grenser uønskt i Aust-Ukraina

(NPK-NTB-AFP): Separatistane i Donetsk aust i Ukraina vil ikkje lenger la Leger Uten Grenser (MSF) jobbe i områda dei kontrollerer.

Annonse

Dei grunngjev avgjerda med at hjelpeorganisasjonen har brote lokale lover, men utan å seie kva slags lovbrot det er snakk om.

I slutten av september blei MSF og ni andre ikkje-statlege organisasjonar kasta ut av naboprovinsen Luhansk.

Dei prorussiske opprørsleiarane i Donetsk gjekk samtidig i gang med å sjekke organisasjonanes registreringsdokument og rett til å importere ulike medisinar.

Samtidig lèt dei Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) og ein tsjekkisk hjelpeorganisasjon fortsetje arbeidet, sjølv om dei tidlegare er blitt skulda for lovbrot.

MFS' programsjef, Bart Janssen seier at avgjerda er dårleg grunngjeven, og at han er ekstremt bekymra.

– MSF er den største aktøren i regionen, og no må vi avslutte behandlinga av folk. Dette er ein dramatisk situasjon, seier han på telefon til nyheitsbyrået AFP.

Konflikten aust i Ukraina har ifølgje FN kravd minst 8.000 liv, og rundt 18.000 er såra, dei fleste sivile. (©NPK)