Klargjør siden...

Leksehjelp er ein marknad i vekst

(NPK-NTB): Sidan 2008 er det blitt tre gonger så mange aktive bedrifter som driv med undervisning på timebasis, ofte i form av leksehjelp. Ei fallitterklæring, meiner Trond Giske (Ap).

Ifølgje tal VG har henta inn frå Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistra var det i januar i fjor 300 aktive timelærarverksemder. I 2008 var talet 111. Dei fleste selskapa i denne kategorien tilbyr privatundervisning i matematikk, realfag og språk.

– Det er eit problem dersom denne utviklinga er teikn på at nokre foreldre ikkje trur skulen held god nok kvalitet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Han understrekar at alle elevar skal få ei fullverdig utdanning i den offentlege skulen, uavhengig av kva slags bakgrunn og økonomi dei har. Ein av forgjengarane hans, Aps Trond Giske, trur utviklinga viser nettopp at foreldra ikkje har tillit til at den offentlege skulen tilbyr god nok tilpassa opplæring. Han uttrykkjer mykje sterkare uro enn Isaksen.

– Denne utviklinga er ei fallitterklæring. Vi ser konturane av eit klasseskilje i skulen.

Dagleg leiar Vibeke Fængsrud i House of math seier ho også trur det er ein omfattande svart marknad for privatundervisning der blant anna lærarstudentar og matematikkstudentar tilbyr billegare leksehjelp. (©NPK)

Annonse