Klargjør siden...
Annonse

Lensmann foreslår droneregister

(NPK-NTB): Etter ei nestenulykke mellom eit Widerøe-fly og ei drone, vil lensmannen i Os ha eit register over droneeigarar. Politiet slit med etterforskinga av hendinga.

Dronen var berre få meter unne å treffe flyet, som hadde ein fart på rundt 450 kilometer i timen. Nestenulykka 26. april skjedde på omtrent 1.600 meters høgde, melder NRK.

– Det ser vi på som ei alvorleg luftfartshending, og det er blitt meldt til politiet med ein gong, sa lufthamnsdirektør Aslak Sverdrup ved Avinor, Bergen lufthamn.

Så langt står politiet utan mistenkte, og lensmann Oddbjørn Dyrdal i Os seier slike saker er vanskelege å etterforske.

– Dronar kan kjøpast i alle moglege variantar, med ulik kvalitet og rekkevidde. I dag har vi ikkje oversikt over kven som har dronar med større rekkevidde, seier Dyrdal. Han ser for seg ei lisensordning for å skaffe dronar etter eit register med oversikt over dronar med stor rekkevidde.

Bruk av dronar som er utanfor synsrekkevidde, krev at operatøren er godkjent og registrert av Luftfartstilsynet. Tilsynet har førebels ikkje sett noko behov for ei lisensordning, men vil vurdere om det kan bli nødvendig på sikt. (©NPK)