Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP-AFP): Det er framleis heilt uklart kvifor to passasjertog kolliderte front mot front i Puglia i Sør-Italia. Minst 20 menneske mista livet i den kraftige kollisjonen.
npk@npk.no
Publisert: 12.07.2016 kl 12:56
Sist oppdatert: 12.07.2016 kl 18:35
Ifølgje nettavisa The Local er 50 menneske skadd, og tilstanden er kritisk for 18 av dei. Redningsarbeidet heldt fram heile tysdag, og mange ofre var utpå ettermiddagen framleis fanget i togvraka.
Medan rednings- og oppryddingsarbeidet gjekk føre seg, fortalde overlevande korleis dei hjelpte kvarandre ut av dei forvridde restane av toget.
– Eg sprang berrføtt over murblokkene og greidde å redde mannen min. Eg såg menneske som var rivne i småbitar, seier eit augevitne til ein italiensk TV-kanal.
Ulukka skjedde på ein rett eittsporstrekning i 11-tida tysdag der dei to toga av ukjent årsak køyrde på det same sporet og brasa inn i kvarandre i stor fart. Alle dei døde sat i dei to fremste vognene i togsetta, som bestod av fire vogner kvar.
– Nokre av vognene er fullstendig smadra, og redningsarbeidarar jobbar no med å berge ut passasjerar. Mange er skadde, og eg trur mange er døde, sa Riccardo Zingaro, sjef for trafikkpolitiet i Andria, til journalistar på staden.
I ei av vognene fann dei eit lite barn som blei frakta til sjukehus i helikopter. Italienske styresmakter fryktar at dødstala vil halde fram å stige.
Likkister er frakta til staden frå den nærliggjande byen Bari for å frakte bort dei døde.
– Eg såg døde menneske og andre gråtande menneske som trygla om hjelp. Det verste eg har sett i mitt liv, sa ein politimann som var blant dei første på staden.
– Dette er ei tid for tårer. Vi vil ikkje kvile før vi har funne ut nøyaktig kva som har skjedd, sa Renzi til pressen kort tid etter kollisjonen.
Ordførar i Corato, Massimo Mazzilli, samanliknar øydeleggingane med eit flykrasj.
– Det er ein katastrofe. Det er som om det var eit flykrasj, skreiv han på Facebook.
– Vi har ikkje nokon indikasjonar på det no, men vi undersøkjer med ambassaden i Roma, seier kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde til VG.
Etterforskarane seier at minst eitt av toga køyrde svært fort, og det kan ikkje utelukkast at ulukka kjem av menneskeleg feil. Eitt av toga skulle ha venta på grønt lys ved stasjonen før ulukkesstaden.
Dei to toga som kolliderte høyrer til det lokale privateigde togselskapet Ferrotramviara Spa, ifølgje det nasjonale jernbaneselskapet Ferrovia dello Stato.
Selskapet er basert i Bari og eig rundt 20 mindre elektriske tog. Selskapet fraktar mange pendlarar og studentar mellom blant anna Ruvo og Corato, der ulukka inntrefte i Puglia-regionen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.