Annonse

Letnes og Sandberg held pressekonferanse

Per Sandbergs norsk-iranske kjæraste Bahareh Letnes opplyser måndag at dei to vil møte pressa saman tysdag ettermiddag.

Kjærasten til den avtroppande fiskeriministeren frå Frp seier til VG at det blir pressekonferanse, men svarar ikkje direkte på spørsmålet om kva den skal handle om.

- Det som er saka. Då skal de få lov til å skyte oss meir. Då får de svar, svarar Letnes.

Til Dagens Næringsliv opplyser ho at møtet med pressa skal finne stad enten klokka 15 eller klokka 16 tysdag, eit drygt døgn etter at Sandberg forlèt regjeringa. Det er ikkje avgjort kvar pressekonferansen skal haldast.

(©NPK)

Per Sandberg og kjærasten Bahareh Letnes skal møte pressa tysdag ettermiddag. Foto: Espen Sand / NTB scanpix