Annonse

Lettare å få støtte til oppgradering av bustaden

(NPK-NTB): Nye reglar skal gjere det enklare å få støtte til energioppgradering av bustaden. Har du oppgradert til dagens standard dei siste 18 månadane, kan du få støtte på 100.000 kroner frå Enova.

Ifølgje Teknisk Ukeblad vil fleire oppgraderingsprosjekt for folk flest kunne få støtte med nye reglar som vart lanserte på Enova-konferansen i Trondheim onsdag. Enova vart oppretta av Olje- og energidepartementet i 2001 for å bidra til omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Den eine nyheita er at det held å oppgradere til dagens energistandard for å få 100.000 kroner i støtte. Dei som tar eit steg vidare og oppgraderer til lågenerginivå eller passivhusnivå vil kunne få høvesvis 125.000 og 150.000 kroner i tilskot.

Den andre endringa er at Enova-tilskotet vil inkludere oppgradering av bygningskroppen. Fordi det blir utbetalt etter at tiltaket er gjennomført, slepp ein å søkje på førehand.

– Vi held fast ved at det mest verknadsfulle i denne marknaden vil vere å stimulere til omfattande oppgraderingar, men gjer grep for å få opp volumet. Vi har gitt støtte til litt i underkant av 200 oppgraderingsprosjekt sidan 2013. Vi ser at det framleis er altfor få som gjere noko med varmetapet når dei rehabiliterer bustaden sin, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova til bladet. (©NPK)

Annonse