Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Nordmenns levealder er forventa å auke frå 80 år i dag til rundt 87 år i 2060 for menn, og frå 84 til 89 år for kvinner, ifølgje SSB.
npk@npk.no
Publisert: 21.06.2016 kl 12:10
Forskjellen mellom kvinner og menn når det gjeld forventa levealder har blitt stadig mindre dei siste tiåra og var i underkant av fire år i 2015. Forskjellen har ikkje vore så liten sidan 1950-talet, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) si befolkningsframskrivning for 2016– 2100.
Ifølgje SSBs hovudalternativ vil Noregs befolkning bli eldre i åra som kjem. Forventa levealder for menn ved fødselen vil stige med rundt sju år fram til 2060, til 87,2 år. For kvinner er det forventa ei stigning på rundt fem år, til 89,2 år dersom prognosane treffer.
Både talet på og delen eldre aukar framover. I hovudalternativet stig delen av befolkninga som er 70 år og eldre frå 11 prosent i dag til heile 19 prosent i 2060.
I 2015 døydde 40.727 personar i Noreg – 19.740 menn og 20.987 kvinner. I hovudalternativet stig talet på døde til rundt 64.700 i 2060, mens det tilsvarande talet for 2100 blir rundt 75.700.
Dette har samanheng med ein forventa befolkningsvekst, framleis aukande levealder og at dei store etterkrigskulla vil komme inn i dei eldste aldersgruppene. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.