Libe Rieber-Mohn blir ny IMDi-direktør

(NPK-NTB): Ap-politikar Libe Rieber-Mohn blir ny direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Ho er utnemnt for ein periode på seks år.

50 år gamle Rieber-Mohn var varaordførar i Oslo frå 2011 til 2015, og har lang fartstid i Oslo kommune og som lokalpolitikar i Arbeidarpartiet.

Frå 2005 til 2009 var ho statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, med ansvar for integrerings- og innvandringssaker. Den gong gjekk ho blant anna inn for å gi færre ID-lause asylsøkjarar opphald, og å skjerpe språklege krav til innvandrarar for å få innvilga statsborgarskap.

I 2014 varsla Rieber-Mohn at ho ville trekkje seg frå Oslo-politikken etter at partisekretær Raymond Johansen gjorde det klart at han stilte som Arbeidarpartiets byrådsleiarkandidat ved 2015-valet.

IMDi vart etablert 1. januar 2006 og har som oppgåve å setje i verk regjeringas integrerings- og inkluderingspolitikk. Direktoratet er underlagt Barne- og likestillingsdepartementet. (©NPK)

Annonse