Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Liberia har ikkje registrert eit einaste nytt ebola-tilfelle sidan slutten av april, noko som betyr at landet kan erklæra seg friskmeldt frå den farlege epidemien.
npk@npk.no
Publisert: 09.06.2016 kl 16:49
Liberia er det landet som har vore verst ramma av ebola. Sidan slutten av 2013 har viruset teke livet av 11.300 menneske i Vest-Afrika, 4.800 av dei var i Liberia.
For at eit land skal kunna erklæra seg fritt for ebolavirus, må det ha gått 42 dagar sidan den siste pasienten testa negativt for andre gong, ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO). Det er dobbelt så lenge som inkubasjonstida for viruset.
Landet startar no ein 90 dagar lang periode der situasjonen blir nøye overvaka for eventuelt å avdekkja nye smittetilfelle.
WHO erklærte utbrotet for å vera over i Guinea den 1. juni, og i Sierra Leone den 17. mars.
Etter tidlegare erklæringar om at utbrotet er over, har det likevel dukka opp nye smittetilfelle. I Liberia har viruset dukka opp att tre gonger. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.