Liberia sluttar seg til WTO
(NPK-NTB-AFP): Liberia vart onsdag tatt opp som nytt medlem i Verdshandelsorganisasjonen (WTO).
Liberia, som er eitt av dei vestafrikanske landa som vart hardast ramma av ebolaepidemien, vart formelt innlemma i WTO på den store konferanse til organisasjonen i Nairobi i Kenya.
– Liberia vil vere ein aktivt medlem og bruke handel som eit reiskap for investeringar som kan bidra til utvikling og redusere fattigdom, seier presidenten i landet Ellen Johnson Sirleaf. (©NPK)