Annonse

Ligg an til fleirtal for ny abortlov

Minst tre Sp-representantar ligg an til å stemme for utviding av abortgrensa, og dermed ligg det an til fleirtal for ny abortlov, ifølgje Klassekampen.

Regjeringa har varsla at ho vil leggje fram forslag til ny abortlov før sommaren. Den vil innehalde ei utviding av abortgrensa til veke 18, slik abortutvalet tilrådde i rapporten sin i desember.

Med stemmene frå Sp-representantane nærmar det seg eit fleirtal for utviding av abortgrensa, skriv Klassekampen.

Sp-politikarane avisa har snakka med, understrekar at dei vil vente på lovforslaget før dei går ut offentleg med ein endeleg konklusjon.

Margrethe Haarr frå Hedmark seier at ho er for sjølvbestemd abort og meiner at kvinna bør ha høve til å ta avgjerda sjølv.

– Men eg har lyst til å sjå kva regjeringa foreslår før eg konkluderer, seier Haarr.

I helga melde NRK at også fem stortingspolitikarar frå Framstegspartiet går inn for å utvide grensa for sjølvbestemd abort til 18 veker, i strid med standpunktet til partileiinga.

Venstre, Arbeidarpartiet, SV, MDG og Raudt er partia som vil stemme for ny abortgrense. Dei har 80 representantar på Stortinget, men forslaget treng minst 85 stemmer for å bli vedteke. Dermed kan stemmene frå Sp og Frp avgjere utfallet.

(©NPK)