Klargjør siden...

Likestillingsaktivist:– Fleirkoneri må på dagsordenen

(NPK-NTB): Likestillingsaktivist Neneh Bojang seier det er problematisk at det ikkje blir ført statistikk over mangegifte i Noreg, ettersom dette er eit aukande problem i landet.

– Mange tenkjer det er utenkjeleg at fleirkoneri skjer i Noreg fordi det er ulovleg her, seier Bojang til Vårt Land.

Dei som driv fleirkoneri kan unngå norsk lov ved å vie seg utanomrettsleg religiøst. Dermed kan dei vere rettsleg gift med éi kone, samtidig som dei er religiøst gift med ein eller fleire andre.

– Mange er redde for å seie ifrå at dei lever i eit forhold der mannen har fleire koner. Dei opplever at kulturelt og sosialt press for å akseptere at mannen har den retten, seier Bojang.

– Vi som politikarar må jobbe meir med desse utfordringane. Vi blir aldri kvitt polygami om vi ikkje får rydda opp i at religiøse ekteskap blir opplevt like bindande som juridiske ekteskap, seier Geir Bekkevold i KrF til avisa. Bekkevold sit i familie- og kulturkomiteen på Stortinget. (©NPK)

Annonse