Lillehammer kan bli til Natrudstilen

Natrudstilen på Sjusjøen er peika ut som reservearena om det ikkje snøsituasjonen betrar seg for verdscuprenna i langrenn i Lillehammer om dryge to veker.

Planen er at det skal bli køyrt ein minitour i Lillehammer frå fredag 30. november til søndag 2. desember.

Per dags dato er det ikkje nok snø til å lage ei løype som er fem kilometer lang.

- Det er aktuelt å flytte til Natrudstilen. Der har dei igjen litt snø, seier Vidar Løfshus, landslagssjef for langrenn i Noregs Skiforbund til NTB.

Det er enno ikkje avklart kva som kan komme til å skje. Det er meldt om periodar med kuldegradar framover, og det gjer at det er mogleg å produsere meir kunstsnø.

- Dei har snø til sprintløypa i Lillehammer òg. Det er meldt om kuldegradar, og klarer dei å produsere meir er dei fort oppe i ei løype på 2,5 til 3 kilometer. Då er det kanskje håp, seier Løfshus.

Fredag er det nasjonal langrennsåping på Beitostølen. Der ligg det ei løypa på 5 kilometer klar. Jentene skal gå 10 kilometer klassisk fredag. Gutane skal gå 15 kilometer klassisk.

Laurdag er det sprint i fri teknikk og søndag 10- og 15 kilometer fri teknikk.

(©NPK)

Landslagssjef i langrenn, Vidar Løfshus, er spent på kva som skjer med verdscuprenna i Lillehammer. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix